Melhus
KLUBBEN / OM KLUBBEN

Google
Map data ©2022
Map data ©2022

om Melhus Rotaryklubb

Litt klubbhistorie Av  Ola Storhaugen (1931-2015)

Rotary kom til Gauldalen ved at Gauldal Rotaryklubb vart starta i 1965. Klubben omfatta kommunane Melhus og Midtre Gauldal. Møtestaden veksla mellom Melhus og Støren, annakvar veke. Etter avstemning vart klubben delt slik at Melhus Rotaryklubb fekk charterbrev frå Rotary International den 6. januar 1984.
Ved starten hadde Melhus Rotary 22 medlemmer, 6 av desse var tidlegare medlemmer av Gauldal Rotary. Seinare har to melhusbygger vore distriktguvernørar, dvs. Knut Olsen (1992-93) og Halvard Øye (1994-95). I 1994 hadde Melhus Rotary 40 medlemmer. 42% av desse var oppvaksne i Melhus, mens 58 % hadde flytta til bygda. Rotaryklubben må derfor seiast å vera ein møteplass mellom ekte melhusbygger og innflyttarar.
Melhus Inner Wheel, for ektefeller av rotaryanarar, vart starta i 1988. Ved tusenårsskiftet har Melhus rotary eitt kvinneleg medlem, men er open for fleire. Denne vart nedlagt tidlig på 2000-talet [red.anm.]
Rotarymøta skal normalt vare i berre ein klokketime. Ved starten kan dei som ønskjer det forsyne seg med kaffe og kaker. Deretter opnar presidenten møtet, og orienterer om aktuelt rotarystoff. Ofte held eit av medlemmene eit innlegg på "3 minutt", om eit fritt valt emne. Hovedprogrammet består som regel av eit kåseri, enten med hjelp av eigne krefter, eller av ein gjest. Særleg interessant er 'ego-foredrag', der kvar ny rotaryanar fortel om seg sjølv frå barndommen til yrkesaktiv alder.
Enkelte møtekveldar blir brukt til bedriftsbesøk. Både i 1992 og 1993 heldt klubben kokekurs på kveldstid for medlemmene, under leiing av vår eigen meisterkokk; Geir Krogh-Albertsen.
Kvar haust ordnar kameratskapskomiteen til ein lutfiskkveld. Og som avslutning på rotaryåret, dvs. ved St.Hans, inviterer den avgåande presidenten til grill-kveld..
Melhus Rotary er først og fremst eit vennskapeleg lag, for eiga utvikling. Medlemsmassen skal vera samansett av kvinner og menn frå forskjellige yrkesgrupper, der utveksling av kunnskap gir mykje.
















Sosiale medier

Rotary norge

Møteinformasjon

Møtested: Kroa Melhusbanken
Adresse: Melhusvegen 439
Postnummer: 7224
Sted: Melhus
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 18:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møter annenhver mandag.

Hurtigkoblinger:


Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...